tirsdag 2. oktober 2012

Bamsemor i Lia

Det var ikkje bamsefar i Lia som feira bursdag i helga, men ho bamsemor. Jubilanten har opplevd meir enn vi kan forestille oss, og i ei tale ho heldt gav ho sterkt uttrykk for at det var eit av hennar barn som var høgt sakna i denne sammenkomsten. Og sidan dette barnet omkom i ei trafikkulykke for seks år sidan, har familien møtt mykje motgang. Og som jubilanten sa sjølv, dei trengte ein liten positiv fest for å kunne smile litt.

September 2012 001

Vi reiste til Malmefjorden laurdag i lunsjtider, etter at vi ha levert poden med yngste bror min med familie. Eg må seie at eg vart imponert over kor effektive eg og gubben var då vi kom til Molde. Etter femti min ha vi funne rett batteri til veslebilen og eit nytt antrekk til meg. (Det er tross alt snakk om BilTema og kjøpesenter + at det var laurdag)

Det vart servert deilig koldtbord, der maten falt i smak for både store og små. Til og med selskapets yngste deltaker, som er eitt par mnd yngre enn poden – gikk å forsynte seg utover kvelden. Og det vart ikkje noko betre då kakene kom på bordet må du tru. Ein skulle nesten tru at vi var på sunnmøre, så mykje kaker som det var der… Men så er faktisk svigerinna til jubilanten sunnmøring.

September 2012 039

Slik vart eg sitjande så og seie heile kvelden. Heldigvis har kynnerane byrja å roe seg ned. Men dei kjem snikande, rett som det er…

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails