onsdag 3. november 2010

Eg er den eg er

Eg har blitt Elisabeth Ingeborg, i løpet av 25 år har eg blitt satt saman til den eg er…

Men korleis har vi blitt den vi har blitt eigentleg? Har du tenkt over det nokon gong?

Av alle feil ein gjer, lærer ein, og av alle rette stega ein har tatt får vi ein meistringsfølelse som er til vårt eget beste. Personane ein omgås er også med på å forme den ein er. Dei gjev oss tilbakemeldingar, det treng ikkje alltid å vere verbale tilbakemeldingar, eit blikk eller eit ansiktsuttrykk er nok til at ein kanskje tenkjer i ei anna retning.

Bilde 027

Eg har vokse opp med to større brødre, dei har låst meg inne på ymse rom, men eg kom meg utatt. Nokre dører har fått merke etter dette, både av spark og skraping, men ut kom eg meg. Er ikkje det litt slik? At ein kjem seg opp og fram, dersom ein vil det og gjer det ein klarer for å få det til?

 

Januar 006

Ja, eg har briller, men likar best linsene. Men dei gjor noko med meg, eg fekk eit nytt syn på ting. Bokstavelig talt…Eg såg bilar eg ha vikeplikt for, eg ser dersom du eller venen din ikkje har det så enkelt. Ein lærer med tida å tyde folks uttrykk, bruk av ord i vanskelege situasjonar.

IMG_1618

Om du ber meg med på festivas blir eg gjerne med, eg er ikkje avholds. Men eg veit når nok er nok, og eg veit når andre har fått nok. I mine ungdomsår slutta eg å drikke på festen når eg såg nokon vart ekstremt berusa, kun for å kunne vere til stades dersom vedkomande trengte ei hjelpandes hand. Slik at det ikkje vart grøftefyll på begge to.

16122007209-001

Har du tenkt over kvifor du er som du er? Eller berre går dagane til å vere den du har blitt, utan å stoppe tida litt å tenke?

2 kommentarer:

  1. Jeg tenker egentlig mest på hvem jeg kunne ha vært. På hvor mye vondt og vanskelig som kunne vært unngått. På hvilket menneske jeg kunne ha blitt, dersom alt var annerledes. dersom jeg hadde ikke hadde måttet oppleve noen av de tingene som nettopp gjør meg til den jeg er. Kan hende hadde jeg vært et dårligere menneske, kan hende hadde jeg vært svakere. Men sjangsen er nok større for at jeg hadde vært et lykkeligere menneske.

    Så ja, jeg tenker mye på hvem jeg er, og hvem jeg kunne ha vært og hvor veien går videre.

    SvarSlett
  2. Det er så mange små tilfeldigheter som har tatt deg dit du er i dag. Ganske utrolig egentlig! Jeg har ofte tenkt på slike ting. Jeg føler at nesten alt som har gjort meg til den jeg er i dag har sprunget ut av tilfeldigheter. Maaaange tilfeldigheter :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails