onsdag 17. november 2010

Stakkar Bambi

Vi har vel alle sett filmen om Bambi på glattisen? Eller i alle fall bildeklipp frå filmen der bambi siglar avgarde på føtene sine på isen.

Då eg stod opp i går fekk eg telefon frå min kjære om at det var glatt på vegane, at mange bilar låg i grøftene, og at han ha sigla nedover vegen på veg til jobb. Okey tenkte eg, eg handterer no glattisen, har no kjørt der før. Planane for dagen var mange, og vi skulle ut av huset før 10. Då eg hadde vogna ut i bilen la eg merke til at mi kjære mor salta tunet, iført glatte støvlar, ein vond rygg og ja, eg sa glatte støvlar. Kva skal ein sko seg med når det er glatt? I alle fall ikkje glatte støvlar, eg håpar så inderleg at ho ikkje datt. Då eg sto å skulle ha vogna i bilen såg eg på den speilblanke isen som låg i tunet, grøss og gru, piggane på dekka sle ikkje heilt igjennom isen for å halde bilen på vegen. DÅ kom frykta til meg, og mammahjertet grein. Hadde det vore berre meg som skulle ut å farte ha eg tatt sjangsen, men vesle Mariusgullet da, vesle gullskatten min som sat i baksetet, skulle han lide for at eg tok ein sjangs og trudde eg kunne meistre isen? Eg har hatt sertifikat i nokre år no, og har fått god trening, men eg er så absolutt ikkje ein meister på isen til ei kvar tid. Men det er ingen, ikkje kom å fortell meg det. Trur eg har litt skrekken i meg, frå før eg fekk sertifikat, då ho mor skulle kjøre meg på skulen fordi eg var seint ute. Og den bilen dei ha då hadde ein tendens til å hoppe ut av gear når den var kald. Og dette skjedde ein dag det var såpeglatt i ned i vegane her, og vi segla rett mot eit berg. Ingen skade skjedde, men skrekken sit enno. Enn om eg mister kontrollen og siglar, og i verste fall med vesle gullskatten min i baksetet, nei eg vil ikkje risikere å skade han.

Etter eg ha fått Marius i baksetet og fått bilen i gong å kjørt nokre meter merka eg at piggane på hjula IKKJE slo til i den speilblanke isen. I det fjerne såg eg min kjære far som kjaure opp og ned vegen med traktoren, med kjettingar på hjula. Ein skulle hatt kjettingar på bilen når det er så glatt på vegane at bilane kjører i grøfta på beine vegen. Eg kjende frykta slo til for fullt når eg satte bilen i første gear og starta på bakken nedover, eg hadde ikkje kontroll, bilen sklei, eit lite press på bremsa får eg sleng, kva skal eg gjer? Eg ringde far min, dette torer eg ikkje, å kjøre i den knuste isen som traktoren har laga fungerar ikkje, og eg klarer ikkje å legge meg ut til grøfta, for bakenden min sklir nedover når eg prøvar å kome meg dit. Akkurat då kjente eg tårene pressa på, eg ha ikkje lyst til å utsette gullskatten min for noko, og eg trur at far min merka det i orda eg sa. For han kom å hjalp meg, han kjaure bilen nedover bakkane. Han har trossalt kjørt der nokre gongar og har erfaring. I det han kom til bilen gjekk eg ut å satte meg i baksetet, og då han satte seg i bilen sklei den nedover…*grøss*, men som eg sa, han har gjort dette før. Eg trur faktisk ikkje at han har hjelpt meg med å få bilen nedover bakkane, men han har hjelpt meg å få den oppatte.

Far min gjekk oppatte då han ha hjelpt oss, og vi kom oss heilskinna på helsestasjonen. Etter kontrollen reiste vi på barseltreff, opp i “helvetesbakkane” i Volda. Langt langt oppe, nesten på toppen av eit byggefelt opp i fjellsida i Volda. Då eg kom fram sov Marius trygt i bilsetet, eg balanserte på den glatte isen bortover til huset, då eg kom til innkjørsla kjende eg frykt igjen. Aldri i verden om eg kjem heilskinna ned denne innkjørsla med Marius i armane. Kanskje eg kan prøve å kome meg bort på snøen å gå bak den bilen? Hmm, nei, den bilen står mystisk nært gjerdet, spørs om den som har parkert den der har parkert langt bak, eller er det isen? I all konsentrasjon om å kome meg heilskinna ned til barseltreffet glømte eg av bilen. Med Marius i armane sto eg på begge føtene nedover, var ikkje nødvendig å bruke teorien om ein fot foran den andre for å kome seg framover. Isen låg speilblank på asfalten.

56190_10150333759550118_847530117_15676111_1507343_o

Ho som heldt barseltreffet hadde vore så snill å hatt sagmask på isen, men det hjalp lite denne dagen, for på isen låg det eit lag med vatn sidan det var plussgrader, kjempeflott. Eg gjekk på den vesle snøbiten som var ved gjerdet, prøvde å ta tak i gjerdet, men der også var det is. Heldigvis kom vi oss heilskinna ned til treffet, begge to. Etter mykje babykos var det tid for avreise, og målet for alle saman var å kome seg heilskinna heim. Då såg Veronika (som også har vore så snill å delt bileter med meg) at bilen i innkjørsla stod farlig nerme gjerdet. Og med ei stove full i kvinnfolk vart det dramatikk, kva skulle ein gjere, alle hadde ein baby å passe på, så ein kunne ikkje springe av hus alle mann. Bilen kom seg opp til slutt, men kva hadde skjedd dersom dei ikkje flytta den der og då? Hadde gjerdet gitt etter? 56190_10150333759565118_847530117_15676112_4950824_o

Sum og summarium så kom ALLE seg heilskinna heim, og har lært at bilar sklir, vogner sklir, bambi sklir og DU sklir. Ingen er konge over isen. 

6 kommentarer:

  1. Ikkje kjekt med glattis nei :S ja til kjettingar på bilane og broddar på folka :D Ej e i alle fall veldig gla i mine brodda <3

    SvarSlett
  2. Jeg skal få kjøpt inn brodder til skoa snart. Noen mener at det er for gamle damer, men jeg ler HØYT når de sklir på veiene mens jeg går trygt ;) pappa har alltid kjetting til bilen i bagasjerommet på vintern. Det har vært en stor hjelp MANGE ganger :)

    SvarSlett
  3. SV: Ja, den er veldig fin på epler, pærer og litt fast frukt. Men bananer og sånn er den ikke grei :p De har jo sånne "fibre" i seg, som fletter seg i nettinga og er nærmest umulig å få vaska ut :-/

    SvarSlett
  4. Is er virkelig skummelt altså. Spesielt med småtasser i bilen og greier. Selv har jeg hatt fire nesten-tryn i en bakke på 5 meter. Dritflaut, for det var så mange som så på. Dumme is!

    SvarSlett
  5. Sv: Ja, de karamellene tror jeg man kun finner på Ikea, men jeg er ikke sikker. Jeg hadde aldri hørt om dem, sett dem eller smakt dem før i går. Men fy søren så herlige :)

    SvarSlett
  6. Off, ingen kjekk dag! Har full respekt for isen, etter å ha stoppa i naboens uthus med bilen...

    Men eg seier berre ein ting - BRODDAR! På beina er det berre genialt! Det er vel invisterte krober, sjølv om ein kan føle seg som ei gammal dame... Eg bryr ikkje meg :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails