No sit vi i stova til foreldra mine. Har pakka oss ned i ein koffert, og bur no med dei. I leiligheta har kjøkkeninnreiinga på den veggen skada var blitt tatt ned, og veggen er riven. Delar av belegget er tatt vekk, og no prøvar dei å tørke der det fortsatt var vått.
Men…Ingenting er så gale, at det ikkje er godt for noko! I dag då eg kom heim frå jobb fekk eg servert middag på bordet av mor mi. Og i skrivandes stund driv ho å dekkar på bordet og gjer klart for kveldsmat! Og eg hørte rykter om eggesalat, skal jaggu bli godt med god kveldsmat igjen, og ro i huset. Har ikkje vore så roleg kveldar i det siste akkurat. Marius har også byrja å roe seg på kveld og nattestid, så eg har byrja å sove godt, kanskje litt for godt?
Eg stortrivast i den nye jobben min, og ser fram til kvar dag i barnehagen. Frank har no hatt to dagar heime saman med Marius og i morgon skal vi begge på jobb, og mi kjære mor skal passe Marius, som avtalt!
Slenger med eit bilete av Marius og Marthe, der Marius viser Marthe kor tøyelig han er!
Så kjekt at du trivst i nyejobben:)
SvarSlettHaha, så koselig foto :)
SvarSlettDet er jo flott at du trives så godt. Det gjør jobben til en lek og humøret vil være skikkelig på topp :)