mandag 28. februar 2011

Ny månad–nye planar

Det er ikkje berre å berre å byrje i ny barnehage, alle planar som skal skrivast, må lagast heilt frå byrjinga, og det er ein del å setje seg inn i. Men eg trur det har gått nogenlunde knirkefritt. Der er nok nokre feil, men det får vere for no. Og dersom noko må rettast på, får ein finne fram korrekturlakk, og penn. For no er augene mine firkanta, og hjerna mi proppa full med tidlegvakter, mellomvakter og seinvakter. For ikkje å snakke om samling, våren, leikar og mykje anna. Har også skrive informasjon til foreldra, og bestemors oppskrift på varme barn i barnehagen (Tusen takk til Renathe)

I dag tidleg då eg sto opp ha mine to yndlingsgutar laga frokost til meg, og eg fekk mi andre bursdagsgåve. Jaaaa, eg har bursdag i dag!!! Den første bursdagsgåva mi var støvlettane frå foreldra mine (Som skulle ha vore eige innlegg om på bloggen, men det kjem) og frå yndlingsgutane mine fekk eg gavekort på G-sport. Eg har lyst på ei skikkeleg regnjakke til barnehagen, så får sjå om eg finn meg ei. Ha seinvakt i dag, tenkte i starten at det var litt kjedelig, å ha seinvakt på min bursdag. Men det gjor meg INGENTING i dette nydelege veiret, vi var ute til barnehagen stengte, og det var nydeleg! Til pausa ha eg baka kake, og mine kjære kollegaar vart glade for litt søtt.

Då eg kom heim vart det duka for enno meir kake! Ha eg bakekakegalskap i går? Ja, eg trur det. Men kva gjer vel det? Ein har bursdag berre ein dag i året!!! Dette gratulasjonskortet fekk eg frå min kjære i dag! Jippi!!! Tusen takk kjære!

elis

Det har ikkje blitt noko feiring i dag, vi tek det igjen til helga, sidan knerten er sjuk. Så får vi håpe på at veiret er like fint resten av veka, som det har vore i dag! (Eg er alltid heldig med veiret, anten nydeleg vinterveir, eller nydeleg vårveir!

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails