Hadde eg visst det eg veit idag, for mange år sidan, ha eg sagt at det er vel ikkje nødvendig. Eg kunne ha tenkt meg enno fleire timar i døgnet. Timar som eg kunne ha brukt på å ause av meg kjærleiken til denne herlege skapningen.
No når nye ting skjer kvar dag, kunne eg ha tenkt meg å gått heime i laaaang tid framover. Men slik er det ikkje, så ein får berre gripe augneblinka der og då. Slik som på dette biletet. Eg holdt på å legge saman kle på soverommet, medan Marius sto å såg på i senga si. Plutseleg oppdaga eg at det hadde vore med ei bleie i vasken. Og den skyldige i dette er den som har bleia på hovudet. Litt deformatert, men passar perfekt som ei “kokkehue”. Han ha mange uttrykk då han ha den på seg, og det var ikkje alltid populært.Men glad kan vi vere, sjølv om mamma puttar bleia på hovudet mitt…
Det har blitt ekstremt lite blogging frå meg i det siste, men eg håpar dykk skjønar kvifor. Når kvelden kjem, og arbeidet er lagt til side, ja då kryp eg opp i sofaen og ladar batteria mine med cæsar og paradise. Ja, eg er hekta igjen, men dei har klart å gje meg underholdning – tommelen opp for det.
I går var vi i selskap til vesle niesa vår – Marthe, som fylde 3 år. Ei herleg jente med mykje futt, og stor kjærleik.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar