lørdag 19. mars 2011

GOD morgon alle sammen

I dag er det verkeleg ein god morgon. Då vi stod opp i dag tidleg var det nokre snøfjom på marka nedanfor huset, men himmelen var skyfri, og alt låg til rette for at det skulle verte ein solfylt og flott dag! Etter kvart som klokka gjekk fekk Folkestad meir og meir sol på seg, og til slutt fekk vi sol her i Nordalen også! Eit fantastisk flott syn. Eg elskar å få med meg korleis sola flyttar på seg i landskapet. Og sidan det går mot lysare tider og vår, er det heilt fantastisk stemning. Både på facebook og andre plassar på internett er det folk som skriv om sola som gjer dagen deira flott. Det er ikkje tull, sola gjer oss glad og fornøgde.

I dag skal vi kose oss masse, som ein liten familie. Litt sentrumstrasking blir det også, og kanskje vi tek turen på ein utekafè idag? Kven veit…Om sola varmar ligg alt til rette for at det kan slå an.

Lilac forewer e (22)

I går kveld hadde eg meg eit par timar på pcen, til litt rydding og masse scrappestash nedlasting, og eg gledar meg til å scrappe fleire bileter med meir utstyr. Er det nokon som har tips til kvar eg kan finne scrappeutstyr?

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails