Denne helga har vore heilt fantastisk! Fredag starta med heimekos, og avslapping. Laurdag reiste vi til Måløy og “polljen”, og vi stoppa på mange bensinstasjonar for å få tak i denne cden. Men det verkar som om Nordfjord ikkje hadde fått cden enno. Så heile turen vart utan vassendgutane, men vi kosa oss utan.
Vi reiste først til Måløy, for å traske litt i sentrum og gje Marius mat. Men eg vart skuffa, sentrum var IKKJE slik eg hugsar det frå då eg var mindre. Og senteret var skuffandes. Men vi fekk no handla eit nytt sengesett til Marius og to nye smekker med tekstene “Like kjekk som pappa” og “mammadalt”
Då vi kom til tante og onkel i polljen fekk vi reisesenga i bilen, og seinare fekk vi servert nydelege heimelaga fiskekaker. Tante sine fiskekaker er kjempegode! Marius sjarmerte både tante og onkel i senk, og likte seg godt på besøk. Før vi reiste heimover fekk vi lefser, mmm. Tante gav meg også ein liten kaktus som ho ha fått rot på. I huset til bestemor mi var det ein nydeleg kaktus, og avleggaren min kjem frå denne kaktusen. Eit lite minne om bestemor.
Vi vende nasa heimover, og turen heim gjekk mykje raskare enn turen vekk. Det er merkeleg det der, det er alltid langt å reise, men heimturen virkar raskare. Då vi kom til Volda fortsatte jakta på cden, først MIX, men nei – gjekk skuffa ut døra. Deretter Statoil, og vi gjekk like skuffa ut døra. Siste sjangse var shell, og DER hadde dei den. Og Frank nyt kvart eit sekund, og kvart eit ord på cden.
Laurdagskvelden fauk avgarde, og min kjære var på jobb, medan eg kosa meg heime i mitt eget selskap – litt godt det også.
Søndagen har vore ein ubeskrivelig fin dag! Starta litt tidleg for min del, sidan eg rangla laurdagskvelden. Men litt søvn saman med verdens beste vesle gut redda meg frå å dette saman.
Eg tok med meg Marius å besøkte Janita, Oline og Abel Elias slik at min kjære skulle få sove. Der eg viste fram brillene eg har lånt med meg heim, sidan eg skal ha meg nye briller. Vi har såpass lik smak, at eg har falt pladask for samme innfatninga som Janita har på sine hovudbriller! Artig!
Sidan det var så fint veir i dag ringte eg heim til min kjære etter at eg visste han var våken, og spurte om vi skulle gå på trilletur. Det var 15 grader og opplett, så ein etterlengta trilletur var godt å få gjennomføre. Vi trilla opp dalen og gjekk opp på Klepp – og nedover bakkane. Då vi kom heim såg vi eldste bror min med familie, pluss eit vennepar av dei som var i hagen, og brente bål. Vi måtte no ut ein tur å helse på sidan Marius sov søtt i vogna. Vi fekk oss kvar si pølse i brød, og ha mange kjekke samtaler. Det er ikkje til å legge skjul på at vi, alle tre para har lyst på kvar si tomt ute i beite. Nydeleg!
Vi avslutta dagen med nydeleg kalkun til middag, strikking (kun for min del trur eg), jobbing og sofasliting. Rett og slett ei fantastisk helg! Kva har du gjort på i helga?
sv: HELT ENIG :D
SvarSlettSå fine bilder :)
klem
Det høres ut som ei veldig fin helg! :D Og kjempefin blogg du har! Ha ei flott uke! ;D
SvarSlettfor en sjarmør marius er :) Helt nydelig! :)
SvarSlettOg du ? takk for kommentarer på bloggen min:)
Det høres ut som dere har hatt en fabelaktig helg:) Det er så godt å trille tur med de små,men nå er det jammen lenge siden det har blitt noen tur her. Håper det er pent vær når jeg er hjemme fra mammaen min igjen for da skal jammen jeg prøve meg også:)
SvarSlettHåper du får en god start på uken snuppeluppen:)
Forstår godt dokke he lyst på tomt der! Høres ut som ei herlig helg. Det e so skjønt me vår! God mandag :-)
SvarSlettEj skal bli flinkare å svare på DIN blogg istadenfor min egen, hehe! Playdate: JA. E du heime imorga feks??:)
SvarSlett