Eg fekk spørsmål om å vise fram støvlettane mine, som eg fekk til bursdagen min. Så kjære Vibecke R, her kjem innlegget til DEG!
Tok nokre bilete no i kveld, for å kunne blogge om dei. Så det vart ikkje dei beste bileta. Skulle helst ha tatt dei i dagslys. Men då ha vel linselusa mi kome fram også.
På yttersidene er det spenner med tre hol på justeringsgreia. Veit ikkje kva eg skal kalle det, men noko heiter det vel. Innanfor er det store moglegheiter for utviding. Noko som er bra når ein har altforvideleggartilallestøvlettariheileverda.
På innersida er det strekk, og dei også hjelper til å utvide støvletten, slik at det sitt som smurt. Og heile støvletten er elastisk, FANTASTISK!
Som dykk ser, så har dei fått små riper, men det er av den enkle grunn – dei blir brukt nesten kvar dag! Og dei er kjempegode å gå med!
Verkeleg eit bursdagskupp, om eg får kalle det det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar