Kvar haust tenkjer eg at det skal bli godt med rutiner igjen, godt å få mørketid, kjekt å sjå farga blad på trea, koseleg å tenne stearinlys og berre kose seg. Det skjedde også i dag, sidan det er 1. august på kalenderen (og ute også, for den saks skyld). Hausten nermar seg med stormskritt, iallefall i følge veiret, og på kalenderen. Men det er noko som manglar…
Vi på vestlandet har ropa etter den runde gule greia, som skal vere på himmelen, den som skal varme oss, steike oss og gjere oss glade. Men uansett kor mykje vi har gaula, sunge og bedd om denne sola, så har den rett og slett vist fravær – i store mengder. Den har vore framme, men ikkje så varm som den har brukt å vore. Vi har vore på ferie sidan forrige fredag, og på den tida vi har vore på sommarferie, har vi sett sola to dagar. Det er ikkje akkurat så mykje å skryte av. Sjølv om den har vore framme, og vi har gått “lettkledd”, har vi kledd på oss ganske raskt. Folk har sagt at frå 1. august skal det bli betre veir. Men no er 1. august her, og skodda ligg langt ned i fjella, og alle er fortvila. Vi treng sola før mørketida slår til for fullt. Vi treng meir varme, brunfarge og energi.
Ej e so enig, og ej e soooo veirsjuk...!!! Ej håpe utdrikkingslaget blir i syden :p tihi ;)
SvarSlettHør hør!
SvarSletter så enig så enig :( Selv etter 14 dager i bulgaria kjenner jeg at jeg trenger litt vestlands sol... hååååper den kommer snart! :)
SvarSlett