mandag 29. august 2011

Å vere forlovar er ingen spøk

Det krever utruleg mykje av ein person, rett og slett. Dagen før bryllaupet, trur eg at eg var den personen med mest nervar. Bruda har hatt full kontroll på alt, og har ikkje hatt kalde føter ein einaste gong. (I så tilfelle, så har ho ikkje sagt noko om det) Eg pakka klar forlover veska med alt mogleg i, og jaggu fekk ikkje eg bruk for den også.August 2011 053

Ei spent brud før vigsla

 

Då bryllaupsdagen kom ville eg mest berre grave meg ned, og bli der til dagen var over, men eg ville få med meg bryllaupet, frå utsida. Men eg hoppa i det, og var vitne til at ei nydeleg brud, fekk draumeprinsen sin.

August 2011 083

Herr og Fru K!

Det at kjolen min fekk store skader i kyrkja har lite å seie på ein så perfekt dag som denne. (Kjem eige innlegg om dette)

Brudetransporten var så visst ikkje nokon bagatell, det var ein av dei få tinga som brudgommen ha kontroll på, men som kunne ha gått rett i vasken etter fredagens hending.

August 2011 094

Etter kyrkja bar det rett til fotograf, og der var tolmod gull verdt. Heldigvis var der både sofa og toalett, så vi forlovarane holdt ut i timeslang venting!

Då vi ankom lokalet, var det kamera over alt. Og bruda stråla heile dagen, selvfølgelig! Under middagen var det berre nermaste familie, eg og gubben, og toastmasteren. Men til kaffien kom det kring 100 ekstra personar, og det merka vi godt i lokalet. Stemninga var sjølvsagt god, og kakene fall godt i smak med alle. DÅ var det tid for at brudas forlovar skulle halde si tale. Men sidan eg blir så sentimental slike dagar valde eg å lage ein film til bruda, og før eg viste den, sa eg nokre ord. (Ha eg visst at det var SÅ lett å seie nokon ord, ha eg nokt sagt meir, eller…)

August 2011 089

Filmen får nok eit eige innlegg den også…Den er grunnen til at det har vore ei ekstra bloggpause her i heimen. Eg trur det ligg minst eit døgn bak den, om ikkje to…

2 kommentarer:

  1. Du he våre helt toppers både ved utdrikkingslag, og ikkje minst for Janita (no veit ikkje ej ALT ka du sikkert he gjort siste mnd, men resultatet og korleis ej he sett dej i aksjon, he vist at du bryr dej stort i ho du e forlovar til). - Helene

    SvarSlett
  2. Så fin du var :) Og gratulerer til brudeparet! :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails