søndag 15. januar 2012

Lysare tider

Vi går mot lysare tider, det er ikkje tvil om det, til tross for at vi må vente ei god stund før vi får lange lyse dagar. I løpet av nokre få veker skal vi feire 100 års dag i familien, og nei, det er ikkje to bursdagar som er slått saman til 100 års dag, det er tanta til far min som blir 100 år. Ho har vore som ei bestemor for meg, og eg hugsar eg sa det til ho også, at ho var meir bestemor for meg, enn dei som var bestemødrene mine. (Ja, eg sa mykje rart då eg var lita, men akkurat då meinte eg det)Desember 2011 135

Vi skal også i barnedåp til familiens yngste gut, Jonas. Og vi skal i konfirmasjon til familiens eldste gut. Dette blir ein kjekk vår, med mange kjekke familiesammenkomstar. Noko vi ser fram til, noko vi kan gle oss til.

Idag har vi hatt besøk av Janita, og hennar to born. Poden tykte det var kjekt med besøk, og leikene som har stått i ro på golvet nokre dagar fekk endelig gjort nytta si. Det er kjekt å sjå kor godt han leikar seg med både eldre og yngre born. Dessverre så tok eg ingen bileter av besøket idag, det vart rett og slett glømt. Eg håpar på at haudet mitt tenker på kameraet neste gong.

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails