Kvardagen kom brått på oss, igjen! Kvifor kjem kvardagen så brått, kvar einaste gong?
Late dagar er no over, vi kan ikkje sitte oppe til seint på natt lenger, og gutungen kan ikkje sitte i godstolen å leike med leikene sine, dagen lang. Haha! Du trudde virkelig at vi ha ein så roleg unge i hus? Han har vore høgt og lavt, fram og tilbake, over alt. Han gjekk nermast på veggane då eg var åleine med han på torsdagen og fredagen.
Nyttårshelga har vi kosa oss masse!! Vi reiste til Romsdal i snøkave, men føret var forholdsvis bra, så vi kom oss fram, dog litt seinare enn vi ha planlagt dagen før. Men det var på grunn av at vi var i selskap til godaste Jenny mora, som fylde 2 år 30. desember.
Sjå denne nydelege kaka som Jenny fekk til bursdagen sin! Den smakte fortreffelig også! Tommelen opp for den.
I Romsdalen kosa poden seg saman med tremenningen sin!
Kortspeling var kjempekjekk underholdning etter middagen.
Og ein ting er sikkert, Romsdalingane kan fylle fleire kveldar med fyrverkeri! Det small heile kvelden, og eksploderte 23.50… Og vesleguten vår sov seg igjennom all støyen!
Godt nyttår til alle mine lesarar! Håpar at 2012 blir eit fantastisk og minnerikt år!
SÅ fine bilder av Marius<3 Han er så vakker!
SvarSlettSer ut som dere har hatt en herlig juletid:)
Jeg kjente jeg ble litt glad av kommentaren din om at din lille pjokk også frykter gyngehester litt:p jeg tenkte bare OH NO,når jeg så reaksjonen hans 1.juledag.Men det går seg tydeligvis til:)
Ønsker deg en super dag:)