torsdag 30. august 2012

Det er litt rart

Under eit svangerskap surrar det mange tankar i hovudet på både den eine og den andre. Mon tru kva for tankar som går i hovudet på poden no, sidan han peikar på magen sin og fortel oss med full iver at han har baby i magen sin. Og om eg spør han om mamma har ein baby i magen sin, og om det er poden sin vesle bror, får eg eit heilt klart “JA” til svar.

Eg har hatt monge tankar sjølv også, og ein tanke eg trur mange har hatt – er om kjærleiken til det vesle barnet. Vert den like stor som storebror har fått? Vert kjærleiken til dei like stor? Korleis ser den vesle kroppen ut, er han lik mor eller er han lik storebror og far?

Det er godt vi har ventetida, slik at vi får grubla litt meir. Ang. ventetida så veit ein no aldri kor lang ventetid ein har, og ja eg kan skrive under på det sjølv også. Vi vart tatt på senga, over ein månad før termin. Eg har eit stort ønske om å få gå til termin no, iallefall så nerme som mogleg.

Det er monge tankar som surrar i hovdet, det er klart. Men eg trur det er sunt, eg trur vi har godt av å gruble, tenke over livet og kva vi har i vente. For ein veit aldri korleis det heile vert, for ein klarer ikkje å forestille seg det. For ungen forandrar mykje, både på den eine og den andre måten.

Februar 2012 015 (2)

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails