Eg trur eg må ladde opp både meg sjølv og kameraet! Det har ikkje blitt tatt så mange bilete med speilrefleksen denne sommaren. Men det endrar seg forhåpentlegvis når eg finn laddaren i ei kasse ned i kjellaren.
Og eg trur eg kan seie med handa på hjartet, at eg treng meir søvn i døgnet no, enn eg trengte før eg vart gravid. Så eg får vel berre ladde kroppen til ei veke, forhåpentligvis fyllt med glede, latter og song!
I dag har eg vore på julehandel – har handla inn litt julepynt… I august!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar