Dåpsdagen til vesle Marius er over. Men minna vi set igjen med kjem til å sitte for evig. No har vi også mange bilder å sjå tilbake på. Veiret var kjempebra og stemninga på topp.
Her er bordet dekka, og klar til å passe på mange fat med deilig mat. Ser at eg har glømt å ha utover blomane der, men det får vere vår vesle hemmelighet. ;)
Her er faren til dåpsbarnet, min kjære Frank. Måtte forsikre seg om at alle gjestane frå nordmøre rakk fergene og at dei kom tidsnok til kyrkja.
To spente foreldre klare til dåp, og eit dåpsbarn som var meeeget trøtt.
Her blir Marius døypt, og med åtte faddera til stades, pluss to nysgjerrige born vart det iallefall folksamt framme med døypefonten.
Dåpsbarnet, foreldra og presten etter dåpen :)
Dåpsbarnet, foreldra, presten og alle fadderane etter dåpen :)
Foreldra (Ja, eg vart lei av bildetaking), dåpsbarn og faddera
Eit vestlandsk kakebord, nammis :)
Fleire bilete vert nok lagt ut no og då :) Men dette for vere nok for no! Alt i alt var dagen perfekt, eg er stolt over å ha hatt på meg bunaden i over 12 timar utan å verte så alt for varm, og gullgutten var kjempe roleg. Tusen takk til dei som var med på å gjere dagen til Marius perfekt.
Elisabeth Ingeborg ‘s blogg -– Vårt liv
Gratulerer så masse med overstått dag! Var synd eg ikkje kunne komme i etterselskapet :( Der var så mange fristandes kaker...!!! ;)
SvarSlettSåg ut som en kjempekoslig dag! :)
SvarSlett