mandag 6. desember 2010

For over 13 år sidan…

For godt over 13 år sidan vart den minste storebroren min pappa for første gang. Ein gut med namnet Stian vart godt tatt i mot av den unge tanta (meg) og alle andre i familien. Bror min var då 18 år og stolt pappa til vesle guten. Før Stian rakk å bli eit år omkom mora i ei bilulykke, og kampen om å få han til Volda var tung. Etter eit år med slit fekk bror min vesle guten sin til Volda, og som 20 åring var han aleinepappa til gullklumpen. Nokre år etter kom kvinna i livet deira, Janne.I 2005 gifta dei seg, og no nyt dei livets glade dagar. Ho sklei rett inn i mamma rolla, og har vore eksemplarisk mamma for Stian sidan.  Som alle andre par i tjueåra ville dei ha barn, men det viste seg for å vere vanskelegare enn folk skulle ha det til. “Fort gjort” fungerte ikkje i deira heim, så i 2007 bestemte dei seg for å starte adopsjonsprosess, og som folk veit så er denne prosessen lang, og desse “svangerskapa” varer leeenge. Dei kom med nyheita då den andre svigerinna mi, Linda var gravid med ho og bror min sitt første barn ilag. Vesle Marthe kom til verda og og Even Andrè og Janne håpa på at dei var neste par ut. Tida gjekk og “svangerskapet” deira halte ut. Men dei vart ikkje neste par ut, for Linda var gravid igjen, og vops så var eg gravid og…

Dei håpte på å få ungen sin i 2010 dei også, slik at alle tre søskena (min søskenflokk) fekk kvar sin unge i 2010. Linda sin unge hadde litt hastverk, og vart ei 2009 jente, så no er ho snart eit år. På vårparten i 2010, før Marius kom til verden, kom Even Andrè og Janne å ringte på døra, dei hadde eit bodskap….

Dei fortalde at dei kom til å bli foreldre i 2010! Jippi!!!, tenkte eg…Dei har fått fart på adopsjonen…

 

Men neida, det vart ingen adopsjon, dei skulle få besøk av storken. Dei vart gravide sjølve! Utan noko hjelp! Solskinnshistorie? Kall det kva du vil, mirakelungen i familien.

Den 6. desember 2010, 9 dagar etter termin, kom vesle Mari Ella til verden. Ei nydelig flott jente på 4140 gram og 51 cm lang. Har ikkje sett ho enno, men eg har fått sett mange bileter av ho, og det er ikkje i tvil, dei var to om produksjonen. Ei nydelig lita tulle med mykje mørkt hår!

Gratulerer så mykje til Janne, Even Andrè – stolte foreldre som har fått veslejenta si. Og til Stian, som endeleg har vorte storebror! Den etterlengta vesle ungen, vesle skjønne Mari Ella har kome, veldig etterlengta og HØGT elska!

Eg har blitt tante til ei nydelig lita prinsesse igjen!!!

5 kommentarer:

  1. Det fortjente dem. Et ekte kjærlighetsbarn som var produsert av to mennesker som virkelig vil ha hverandre og den lille. Og det er vel kjempestas for eldstemann :) Noen mennesker fortjener virkelig at solen skinner litt på dem, og når den gjør det... ja, karma funker den veien også :)

    SvarSlett
  2. Gratulere som tante og gratulere til dei flotte foreldra som he vore igjennom ein laaaang prosess.

    GODT JOBBA JANNE OG EVEN!!!
    Klem frå Asbjørg

    SvarSlett
  3. Så fint at det ordna seg så bra for dei:) Og ikkje minst at han fekk sønnen sin til Volda. Gratulerer som tante til Mari Ella:)

    SvarSlett
  4. Så flott:)

    Gratulerer som tante:)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails