Dei siste dagane før jul var perfekt, nokre dagar kom det kvite fnugg frå oven, og andre dagar skein sola og varma kalde fingertuppar nokre minutt. Etter å ha lagt Marius ein føremiddag kika eg ut soveromsvindauget vårt, og fekk skikkeleg “julekort”-stemning. Og eg måtte sjølvsagt finne kamera. Eg er ikkje av dei som står med vater for å få den raude tapen bein – litt skeivhet er sjarm.
Vi valgte å pynte leiligheta den 22. desember, sidan vi brukar å ete deilig kveldsmat med foreldra mine på lisjejulafta. Og det er vi evig takknemmelige for, for vi hadde ikkje kome i mål dersom vi ha utsatt det ein dag, sidan Marius fortsatt er sjuk og treng kos.
På lisjejulafta var vi som sagt på kveldsmat med foreldra mine, dit kom også søskenbarnet til pappa, og ho tok med seg minstejentene rundt juletreet som hadde kome opp i stova.
Marius si tante, Linda, tok med seg Marius rundt treet også, slik at vi kunne slappe av i armane litt. Har blitt mykje bæring dei siste dagane, pga hosting og diverse.
Måtte sjølvsagt ta bilete av juletreet til mamma og pappa før gavene vart opna, men der manglar eit par pakkar. Deriblant eit fjernsyn til brorsan og eit kjøkken til småjentene.
Marius var utstyrt med bunad, men eg fekk IKKJE lov til å ha igjen vesten, kanskje den var litt trang? Kanskje pondusen stikk litt ut?
Onkelen plasserte Marius på middasbordet då vi var ferdige å ete middag, der fekk han god oversikt over kosesjuke Marthe og Jenny.
Marius fekk mykje tantekos på julafta, her saman med minstejenta til tanta, Jenny. Tenk at det er berre 4,5 månader mellom desse to. Om fem dagar er Jenny 1 år, ho går rundt og pratar og er stortsett i godt humør.
Vesle Marthe mora er nyfiken på kva som er i den store pakken. (kjøkken)
Og Ida vart kjempeglad for den nye skulesekken, MED glidelås! Der kan ho ha drikkeflaske og mykje anna i, pluss alle bøkene. STOR stas!
Om det var kjekt å pakke opp, papiret som var fint eller tråden spanande for Marius er ikkje godt å vite. Han kom med sine sjarmerandes smil både titt og ofte, men var mest forundra over dei andre propellane som flaug igjennom stova, med magen full i sjokolade og fleire pakkar som venta.
Her prøvar Marius ut julegåva som han fekk med oss, vi har ikke hatt på føtene på den enno, for den fungerar fint som den er no når han ikkje står sjølv.
Då vi var ferdige med pakkane 22.30 var det tid for kakeeting, men dei minste sovna fort. Og vi voksne heiv innpå med kaffi for å ha litt vaksentid.
Alt i alt var det ei fantastisk julefeiring. Og eg trur alle var fornøgde med gåvene som dei fekk.
Då klokka ha bikka midnatt, og “vel so det”, kom det “tolljebokka” på døra, to fantastiske folk.
Har du hatt ei fin julefeiring?
Veldig koselig å sjå bilde fra feiringa dokka :) NO såg ej virkelig ken Marius e lik - nemlig PB! ;)
SvarSlettSV: Hadde nok vært en fordel at hun så dem litt oftere, men er ikke så lett når nærmeste barnevakt bor en time unna:( Trenger virkelig litt barnefri innimellom, men er så vanskelig når Hedvig er så mammadalt... Ha en fin romjul!
SvarSlettSå utrolig koselig :) Elsker XMAS bokstavene. Jeg må kjøpe meg noen slike til neste år!
SvarSlett