Fredag ettermiddag troppa det opp mange festglade folk på jobben til min kjære. Vi skulle prøve noko nytt i år, nytt hotell og nytt transportmiddel.
I år gjekk turen til Geiranger og vi reiste med buss. Utruleg kjekk og sosial tur. Tidlegare har vi reist med bil, og då for å vise fram litt bilar, så det vart ein god del bilar…
Fredagskvelden var det rett i finstas og vorspiel…
Laurdag var det frokost (ahh, hotellfrokost), møte, deretter var det leikar på fjordsenteret (vi vann). Først var det mikado med staurar…
Deretter var det først til femti, og den ferga du ser i bakgrunnen bevega på seg, fascinerandes.
Her sitt vi klare til å gå ut, ut i kulda for å få servert konnjøl og neip
Brr, det var utruleg kaldt ute, så eg gjekk bort til bålet på slutten for å få varmen i meg. Godt kledde folk!
Å reise på julebord med speilrefleks er ingen god plan, neste gong blir det eit lite kamera, eit kamera som går ned i veska. For det er så utruleg kjedelig å ikkje ha bilete av middagane og all dansinga.
Ser ut som dokke he hatt ei fine helg :)
SvarSlettDet må ha vært herlig å ha hverandre litt for seg selv :) Ja, speilrefleks på juleord er nok ikke det mest praktiske valget. Det er som å ha med seg en flodehest i en fyrstikkeske. Er fort gjort å glemme å knipse, men du har jo fått takk masse bilder du da :)
SvarSlett