onsdag 19. januar 2011

Å vere

bloggar er ikkje berre berre…

Nokre dagar har ein INGENTING å skrive om, medan andre dagar vil ein blogge om alt. Akkurat no bloggar eg berre for å få bloggetrangen ut av fingrane mine. Og fordi eg vil fortelje DEG at eg har funne mange kjekke bloggar å anbefale deg. Men det skjer ikkje no, for eg tenkte at eg og Marius skulle ta oss ein tur, sjå om eg finn meg ei bursdagsgave frå foreldra mine. Mamma kom å viste meg dei RÅFLOTTE støvlettane som ho hadde kjøpt seg, og for mine altforvidetilallestøvlettariheileverden leggar, så passa desse som eit skudd!!! Så då sa eg at eg kunne no ha fått slike støvlettar i bursdagsgåve, og det var ho eigentleg enig i, no håpar eg berre på at dei har igjen. P4274011

Eg er også utruleg glad for at eg har fått mange nye følgarar dei siste dagane. Eg set stor pris på at folk faktisk vil lese bloggen min. Men om dykk synes at den er bra er ei anna sak. Kanskje du har noko morosamt å le av?

Marius søv som ein stein idag, kanskje fordi han holdt mora voken store delar av natta som var? Så det spørs om vi kjem oss avgarde i dag. Ugh, kjenner at den sterke kaffien eg laga tidligare i dag har vore til stor hjelp! skrik

2 kommentarer:

  1. Haha :) Håper mamman din finner støvlene da. Er jo ikke noe gøy å slite med kjøp av støvletter. Har problemer med sånt selv jeg. For den ene foten er bittelitt større enn den andre. Jeg er som et picasso-maleri...

    SvarSlett
  2. Åh.....ej mæ he tømmerstokkleggar, og finn meg så og sei INGEN støvlettar som er vide nok....og fine!!! Fortell, fortell, korleis ser dei ut, kva butikk osv osv og gjerne bilde også :-) Forresten, fin og jordnær blogg du har! Likar den! Vibecke R.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails