søndag 8. mai 2011

Gje meg ei helg til

Kan eg ver så snill å få ei helg som dette, ein gong til? Fyttigrisen kor kjekt vi har hatt det denne helga. Frå A til Å, frå fredag til søndag, frå morgon til kveld. Om eg skulle ha ramsa opp alt vi har gjort på i helga hadde lista vorte kjempelang. Eg kan gjere eit forsøk på å ramse opp litt, ei lita liste over hovedtinga vi har opplevd denne helga. For det første, veiret har vore utruleg deileg, ikkje berre har vi hatt sol, men vi har hatt sommartemperatur også. Det er ein draum å gå ut til klestativet på kvelden i berre t-skjorte, for å hente kle.

Ellers kan eg nevne, dok.film familiefest, grilling, trampoline, kosekveldar, selskap, uteleik, utevafler, familietid, besøk. Og mykje meir. Om eg skulle ha utdjupa alle punkta ha du slutta å lese ved grilling.

Alt i alt ei perfekt helg. Og eg seier IKKJE neitakk til ei slik perfekt helg igjen, for slike helger er kjekke, går fort og minneverdige. Vart lite med bileter på dette innlegget, men telefonen har eg knapt hatt i hendene, og kameraet har vore heime. God søndagskveld, og ei riktig fin veke!

2 kommentarer:

  1. Signera dinne, superhelg <3

    SvarSlett
  2. Enig med du :) helgen har vært fantastisk her også! :)) Krysser for en like fin neste helg :) da skal vi i komfirmasjon søndagen, så det hadde passet flott med sommer vær igjen :D

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails