mandag 2. mai 2011

I dag skal eg!

Alle dagar tenker eg at eg skal blogge, men det skjer ikkje! Eg har klaga på det før, og skal ikkje ta den same leksa igjen. Korkje tid eller hovud strekk til.

MEN…idag bloggar eg, egentleg alt for seint, eg skulle så visst ha vore i senga. Men eg må berre blogge.

April 2011 343

 

På tysdag starta kvardagen att, og kroppen var visst ikkje så innstilt på å jobbe, som eg håpte på. Dumme dumme blodprosent som gjer kroppen min uvel!!! Uansett, dagen gjekk kjempefort på jobb, veiret var bra og eg var glad – heilt til eg fekk høyre at det hadde gått ras – i Eiksundtunellen. WHAT?! Etter litt meir undersøking, fann eg ut at det ikkje var i den tunellen, det var ikkje I ein tunell, men utanfor ein tunell. For å gjere ei evig lang historie, veldig kort. Eg makta ikkje å vente til tunellen skulle opne “tidlegast 19.00”, for eg kunne no risikere at dei ikkje opna då. Derfor reiste eg om Ålesund, og var heime to timar seinare – enn eg ha vore om det ikkje ha gått ras, og ein time seinare enn då dei opna vegen. Om eg var irritert? Ja, ein smule.

Ras eller ikkje ras, bilen min ha gått i mellom desse to steinane.

 

Fredag ha eg besøk av to gode venninder, der den eine viste meg bileter av brudekjoleprøvinga som ho ha vore på, på onsdag. Og eg gledar meg til å sjå bruda på seinsommaren, for ho blir LEKKER!!! Etter å ha sett på brudekjoleprøvinga, så sat vi å skravla. Sidan det er lenge sidan vi tre har vore samla samstundes (Ja, det er faktisk snakk om fleire år), så gjekk skravla – med alle. (Får håpe det ikkje blir like lenge til neste gong vi samlast).

I helga har det vore så strålandes veir, at vi ikkje kunne sitte inne. Derfor har vi brukt tida på terrassen, kosa oss med både grillmat og is. Om våren er komen til Volda?! Ja, så absolutt, og det til stor glede, for alle! Men ein må passe seg i denne skarpe vårlufta, den er farleg!

4 kommentarer:

  1. Kan tenke meg det blir ei nydlig brud i august!! <3

    Men pendlar du gjennom Eiksundtunnelen no? Blei nysgjerrig kor du då jobbar?

    Kjedlig du fekk lang veg heim. Eg var i Molde den dagen. Pga mykje bil på Sulesund måtte eg stå over ei ferge, men, men. Sola skein, så det gikk bra :)

    Ha ein flott dag!

    SvarSlett
  2. Aw, fint innlegg <3 Va VELDIG koselig å besøke dej! <3 Håpe vi alle tre kan møtes snart igjen, va kjempe koselig!!!

    SvarSlett
  3. Åhh, det er så hyggelig med bryllup. Hele sommeren er jo egentlig bare superromantik når alt kommer til alt. Spesielt om det er sol og blå himmel :)

    SvarSlett
  4. Skulle ikke du være forlover i sommer? :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails