Vi har dei to siste åra vore plaga med nokre insekt her i hus. Eller det vil seie…Alle på garden har hatt besøk av dette insektet…
Eg har dessverre ikkje noko bilete av dette insektet, MEN… Det er ca ein cm langt, svart, har hardt skal, og ein merkar om det dett ned på ein. Og om ein bles på det hoppar det 10-15 cm opp i lufta. Og sist men ikkje minst, det knitrar, og ein høyrer det godt. Veit du kva for insekt dette er?
veit kass insekt du sikta til trur ej.. e vertfall et insekt som ej he sett i kjellarinngangen et par gonga, men det ser ut som det dør ut her inne vertfall vinterstid. Men ej kjenne igjen egenskapane til dyre som du nevne, at d laga lyd, og hoppar høgt for å være so lite.. tippar d er ikkje ein centimeter ein gong stort, men det hoppar vertfall høgt og er ganske vanskelig å drepe då d er så tjukt skal! Høyrer verkeleg knaselyd når du klarer å trykke d flatt.. og ein må verkeleg ta i for å drepe d... usj!!
SvarSlett