onsdag 14. september 2011

Eg vil sjå deg!

Det er mørkt om kvelden no, og det er ikkje så mange som ser så godt i mørket. Mange er også redde for å vere ute i mørket, dette fordi dei ikkje ser det dei ville ha sett dersom det ha vore lyst. Som alle andre år, er yttekle mota i mørke fargar, fargar som ikkje er enkle å oppdage av billys, før ein kjem nerme, kanskje litt for nerme. Og alle som køyrer bil, veit at det tek tid frå ein ser noko til ein reagerer.

Bilførarar vil ikkje verte stempla som skuldig, eller i verste fall som drapsmenn. Som bilførar vil eg kome meg frå A til B, utan å vere skuldig eller drapskvinne. Det kan du hjelpe til med, du kan nytte refleks når du ferdast ute i mørket. Det skal ikkje vere flaut å bruke refleks, du gjer både deg sjølv, og bilførarane ei tjeneste.

Og til alle småbarnsforeldre, er vogna og regntrekket utstyrt med refleks?! Og virkar det slik som det skal?! Eg har opplevd å møte ein turgåar med vogn ein mørk kveld, heldigvis var der gatelys slik at vi såg vogna, i siste liten, men på den var det ikkje refleks. Det kunne ha gått så alvorleg gale, men heldigvis slapp vi unna med skrekken!

Ver fornuftig, gjer både deg og bilførarar ei tjeneste. Bruk refleks!

(http://pub.tv2.no/multimedia/TV2/archive/00656/Refleks_656986i.jpg)

2 kommentarer:

  1. Det var på tide med en påminnelse nå ja. :) Høstkveldene er veldig mørke og mange av oss har gjemt unna refleksene i dype skuffer og skap. På tide å grave dem frem igjen. :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails