I går var vi i bursdagsselskap til den siste mann ut i barselgruppa. No kan ikkje vi lenger kalle oss for ei barselgruppe heller…Vi har døypt om namnet til leikegruppe, og ungane gjer ikkje anna enn å leike, utforske og kanskje ete litt (om dei har tid til det) Det skal vere ei bursdagsfeiring til (for ei som har hatt bursdag i august, men som ikkje har hatt tida til å feire dagen sin ilag med barselgruppa enno), men vi har ikkje moglegheit til å vere med på feiringa hennar, sidan vi skal reise vekk neste helg. Men sidan mora til den jenta jobbar med poden, har Marius gitt gave til denne vesle jenta i barnehagen!
Og i går var det intet unntak. Marius utforska det meste, skap, skuffer, alt som hadde med fjernsynet å gjere, og alle rom i leiligheta. Eg hadde nesten gløymt korleis det var å vere på besøk med “ukjende”, der Marius ikkje ha vore på lenge. Selfølgelig skal alt utforskast, og det er kjempebra!!!
Denne kjekke bilen laga lyd til og med, og fall i god smak med vesle guten vår. Guten som står på bilen fann ut at han kunne klatre på den, slik Marius ha gjort tidlegare. Litt ustabil grunn, så bilen fort kunne bevege på seg.
Bursdagsguten fekk seg ein tur i reia sin, saman med far sin, og då var det nokre ungar som vart nysgjerrige, og ville sjå på. Marius var der også, men han gjekk då han såg mora kom med kamera. Tilfeldig? Kanskje han er lei av mora med kamera foran ansiktet? Det kan kanskje vere svaret på kvifor eg ikkje har så mange bileter av gutungen lenger.
Som dykk kanskje ser, så har poden fått eit merke i både panna og på haka. Han utforskar i barnehagen også, både gåandes og ved fall. Både haka og panna har fått studert bakken.
SV: Ja det var godt å endeleg køyre igong nettbruken og blogginga igjen:) Kor stor Marius har blitt, begynt å gå og har blitt barnehagegutt også. Kjekt. Trivs han i bhg?
SvarSlettsv:
SvarSlettJada, i desember i fjor fikk jeg naboens SUV i husveggen min. Badet ble totalt ødelagt. I mars ble badet pusset opp, og vi bodde litt overalt i 4 uker :)