Det er noko mange bruker, men som vi ikkje snakkar om til dagleg. Men det er ikkje akkurat det eg skal blogge om. Tittelen fekk eg frå Hotel Cæsar i dag, og for dei som følger med på den serien, veit at Vanessa har eit problem med få lesarar.
Eg klagar IKKJE på mine lesarar, for eg veit at der ute i den vide verda er det nokon som tek seg tid til å lese bloggen min. Og til dykk vil eg rette ei riktig stor takk. Men eg føler at eg ikkje har hatt så mykje å gje til dykk i den seinare tida. Dagane heng så vidt saman, det går i eitt frå vi blir vekt av poden, til langt ut på kvelden. Og det å vere pendlar i desse tider er ikkje enkelt. Musikken i bilen må vere fengande, og augene må vere opne til ei kvar tid.
I helga var vi på nordmøre for å feire svigermor sin 50 års dag, og for dykk som følger Vårt Liv på facebook, så har dykk fått med dykk at ho fekk ei barnsleg kake frå konditoren.
Er der verkeleg mogleg å gjere ein slik feil? Svigermor sa at det skulle stå “Gratulerer med 50 års dagen” IKKJE 5 års dagen!!! Men men, kaka smaka fortreffeleg, så det var ikkje noko å seie på det. Elles var gutungen i storform då vi var vekke.
Trass i at han faktisk ha luftvegsinfeksjon då vi var vekke, var humøret og forma på topp. Og på laurdagskvelden var han den som heldt ut lengst av dei yngste, og han elska å ha oppmerksomhet frå fleirtalet av gjestane.
Likte overskrifta :D hihi! Kaka va veldig fin, sikker på ho va god me :D
SvarSlettDagane går i ett der me ja, det e visst sann det e å ha familie ;) sleppe å kjede sej da. og gå tom for husarbeidsoppgave *sette på tørketrommel nr 3 i dag*.
Håpe dokke fe ei god veke vidare! Klem :)
For en søting dokke he:)
SvarSlett