På søndag tok vi turen til Follestaddalen for å høyre på Åmdalskoret – berre damer. Ein fantastisk flott gjeng som leverar eksemplarisk kvar gong.
Dei starta med støvtørk og lett musikk frå “grammofonen”, og lysa vart tent etter at konserten starta, samstundes som koret gjekk opp på scena.
Eit brudepar kom også inn, eit vakker brudepar, nesten så vakkert at ein fekk tårer i augene, men berre nesten.
Ungane kosa seg også, planen var også at poden skulle vere med, men sidan han vart full i sjukdom på laurdagen, vart dei planane skrinlagde. Gubben passa på godguten, medan mora tok seg ein velfortjent tur på konsert. Telefonen vart sjekka så ofte som mogleg, for oppdateringar. (Medan konserten fann stad, måtte den vere avslått, og mammahjertet gjekk i spinn…”Korleis går det heime? Er han dårlegare?” Men heldigvis hadde han hatt det flott med far sin, fått seg både saft og mat, til og med eit bad i dusjen hadde han fått. Gode gubben ordna ut, medan mamsen får aleinetid ute på “galaien”
Å kor kjekt at du for!! Skulla fåre ej me, men mitt sosial/kulturelle liv e lagt høøøgt opp på hylla til huset e ferdig :p
SvarSlettSer ut som en kjekk kveld! Er godt å få litt fri innimellom :) Kjenner at jeg trenger en kveld med venner som ikke inneholder fyll (sist jeg forsøkte å bli med ut så var jeg hjemme kl 24 fordi jeg var så trøtt og sliten. haha!). Blitt for "gammel" for sånt :p
SvarSlettSV: Skulle gjerne hatt helg, men det får man ta neste uke :p I dag er det jobb fra 13 til 18:15, som forøvrig ikke er lange arbeidstida. Men du verden å lang den kjennes når den er på en søndag!! Blir heldigvis helligdagstillegg, så det hjelper såklart på. Trenger jo litt ekstra penger i desember! ;)