Her i garden skjer det mykje for tida. Både positive og negative ting.
Det forrige innlegget mitt var kryptisk, og eg trur at den personen det var meint til, skjønar kvifor det vart slik.
Vi har fått eit nytt familiemedlem sidan sist eg blogga, mandag den 7. november kom det ein gut til i barnebarnflokken til foreldra mine. Så no er det totalt tre(fire) gutar, og fem jenter. Vi har fått helst på vesle godguten, og poden var veldig nysgjerrig på kva den vesle kroppen tolte.
Det har blitt ein del jobbing på meg den siste tida, og det blir ikkje akkurat mindre i framtida. Og det likar eg, sjølv om husarbeidet kan hope seg opp nokre dagar. Det var ikkje meininga at dette skulle verte eit oppsummeringsinnlegg, men slik vert det då det ikkje er mykje tid til blogging. Eg trur eg må nytte Live Writer for det det er verdt, å blogge nokre innlegg til seinare i veka. For eg veit at eg ikkje får tid til noko særleg. For her gjeng det i sjuk pode, home party, foreldresamtaler, strikking, julegaver, ja, alt mogleg. Og det er ikkje mykje som kan kombinerast, å gjerast på same tid. Anna enn strikkinga, men eg kan ikkje strikke når eg skal forberede foreldresamtale, med mindre eg strikkar stikkord i strikket. Kven vil ha ei hue med orda “snill”, “biting”, “glad” på?!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar