tirsdag 15. november 2011

Julekort

Korleis gjer dykk det i heimen? Plasserer borna i eit “studio” i heimen, og tek hundre og ørten bilete av ungane som dykk lokkar med både det eine og det andre til å sitje i ro, eller tek dykk til takke med eit kvardagsbilete frå året?

Eg er seint ute, eg veit det. Men tenkte å ta bileter i helga som var, MEN, poden har vore sjuk i helga, og full i utslett, så bileter har vi IKKJE fått tatt. November 2010 224

 

Her er fjorårets julekort frå oss, men då låg han no i ro, og det var “lett” å ta bileter av han. I år er såpebobler ein ting eg skal bruke for å fange oppmerksomhet, men treng ein plass å plassere han. Kanskje i ein høystakk? Eller i vår nye bil? (Her ha det passa seg med eit smilefjes med tunga ut, ikkje sant?) Vi satsar på at julekortproduksjonen snart er i full gang, julegavehandelen har faktisk starta, noko som må vere sensasjon her i hus, for den er alltid seint i gong.

3 kommentarer:

  1. Eg har vore å handla inn nissehue, så eg tenke bare å sjå om ho vil ha den på og so knipse vilt og håpe på at der blir nåke halvveis vetigt :)

    SvarSlett
  2. Janei dissa julekortbilda.. :p I år e det kvardagsbilde herifrå, det fe vere bra nok. Ekje lett å få et bra bilde av begge to ilag!

    SvarSlett
  3. Her er det kvardagsbilde som gjeld - men så har vi katt og litt utsikt som vi brukar på julekortet vi då... Då er det enklast med kvardagsbilde. Men no anar eg ikkje kva eg skal bruke i år. Har vore lite bilder... Jaja - finn vel noko :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails