Det er så koseleg å sjå tilbake på gamle bileter, frå då vi alle var mindre. Dette fotoet er nok 11 år gammalt, og årets julemannar sto for tur. Men…det er alltid eit men når ein legg ut slike foto på internett. Eg har tanteborn som faktisk les bloggen min, og kanskje kjenner igjen seg sjølv. Gode nevøen min, som eg er så utruleg glad i, er snart eit hovud høgare enn meg, og bankar meg lett. (Som han sjølv seier).
Så eg håpar på at søndagens barnedåp av familiens yngste, går fredeleg for seg.
Og at eg kan fortsette å mimre litt for meg sjølv. Og dele slike blinkskudd med dykk. Ha ei fortreffeleg veke, med alt du måtte finne på å gjere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar