Det er så mykje ein har lyst på, til ei kvar tid. Men man kan ikkje kjøpe alt heile tida. Og smått nips naps har eg funne ut er berre irritabelt når det skal pakkast og flyttast. Men eg har funne ut at det er ein del ting eg har lyst på. Det er både praktiske ting, og pynteting. Sidan eg faktisk bur saman med ein mann og ein gut, så har eg vel lov til å seie at det er eg, fruen i huset som har lyst på tinga, for dei ser vel ikkje den same verdien av dei, som eg gjer?
Denne nydelege lykta har Katrine Isabell kjøpt seg, og når sant skal seiast, så har vi ganske lik smak, både når det kjem til interiør og musikk.
Ein tørketrommel til vaskerommet ha også vore greitt å hatt, ikkje fordi vi TRENG det, men fordi det hadde letta kvardagen ein del, ein gong i blant. (Nei, eg er ikkje den som hiv alt i tørketrommelen og ikkje nyttar tørkestavid, for somme kle SKAL på tørkestativ, og bli litt stive)
Eg har også ein draum om eit ledningsfritt hus, tenk å kunne sleppe å tørke støv av alle ledningar som ligg i virvlar på golvet, det er draumen!
Opp i alt stresset som kvardagen vår består av for tida, har eg registrert at eg har kun ein blomstrande orkide igjen, dei andre står avblomstra, og eg ventar berre på at dei skal blomstre igjen. I mellomtida går eg å håpar på at det dukkar opp fleire orkidear i vinduskarmane mine.
Sidan eg har vore så flink å rydde klesskap, så har eg funne ut at eg ynskjer meg nye kle. Ikkje fordi klesskapet er heilt tomt, men fordi eg føler eg går i dei same kleda kvar dag, trass i at eg ikkje brukar dei same kleda på jobb, som heime.
Det er vel lov å ha draumar? Og ynskjer? Det er vel lov å publisere eit slikt innlegg no, tett før morsdag, “Valentines day” og bursdag? Morsdagen går med til barnedåp til vesle Jonas for vår del, og valentines day er dagen før dagen, håpar vi, og bursdagen? Jau, den er fram i tid!
Dersom DU veit om ein god interiør blogg, må du gjerne seie ifrå til meg, for eg vil ha litt små tips. Og gjerne praktiske tips, for å gjere kvardagen enklare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar