Etter å ha lest utallige bloggar, har eg fått med meg at ein må ha Durance produkter. Dette på grunn av at Durance sine produkt luktar godt, og er reine produkt. Eg har lenge tenkt at eg skulle prøve meg fram med desse produkta, og kva passar vel betre då, enn å ynskje seg vaskemiddel til både bomull og ull i denne serien, til bursdagen? Det er no verdt eit forsøk. Så får eg berre håpe at mine vennar og slekt ser dette innlegget, og at ynsket går i oppfyllelse. 
Landhandelen i Ørsta sel denne serien, og eg ser verkeleg fram til å prøve den ut. For eg har smuglukta!
Har du erfaring med Durance serien?
Helgavasken vart ei fryd når eg begyndte å bruke Durance vaskemiddelet med duft av Lavendel :) Anbefalast!
SvarSlett