torsdag 17. mai 2012

Plutselig

Plutselig har guten vår blitt ein stor gut. Det er fortsatt vesle babyen min, men eg kan ikkje gå rundt å seie det lenger. På tysdag vart han heile 2 år.

Mai 2012 002

Kaka måtte sjølvsagt bestå av traktorar, og gutungen var full av begeistring då han såg kaka, og han ville ta av traktorane med ein gong.

Mai 2012 011

Å blåse ut lys på kaka var ingen problem, og veldig kjekt.

Mai 2012 018

Det var kjempekjekt å få mange nye leiker, og fall fort i djup konsentrasjon då han prøvde ut dei nye leikene.

Mai 2012 030

Før familieselskapet på laurdag fann han tak i eit sjokoladestykke, gjekk inn i stova, og satte seg i sofaen for å ete. Vesle guten vår, som har blitt så stor.

Mai 2012 055

Litt nonas kos måtte også til, og poden tykte det var stor stas å få halde “nonas” på fanget. Måtte fortelle det til alle, at han “holle nonas”

Mai 2012 057

Dei store ungane kosa seg også i selskap, trur eg.

Vi hadde i alle fall ei fantastisk flott feiring av vesleguten vår. No, tre dagar etter helga, har vi byrja å få tilbake energien. haha, ikkje riktig så ille. No ladar vi opp til ei fantastisk flott 17.mai feiring. Vi kryssar fingrane for solskin og opphald, så får vi sjå kva som skjer.

Ha ei flott 17. mai feiring

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails