Er ikkje det det, dei skriv?
Eg kan ikkje skryte på meg 2-3 innlegg for dag, heller ikkje i veka. Kanskje på ein månad? Huff, eg har blitt ein veldig dårleg bloggar i det siste. Men tru meg, eg har formulert mangt eit innlegg i hovudet mitt. Men pcen har ikkje blitt brukt så flittig den siste tida. Og om den har blitt brukt, så har det vore på grunn av at eg sitt med foreldresamtaler, kladdar og fører inn på pcen i etterkant. Foreldresamtaler i barnehagen krev faktisk mykje tid, tid og krefter. Ein må tenkje seg godt om når ein skriv slike papir, foreldra skal få vite korleis DEIRA barn er.
Den siste tida har det vore mykje bra veir her på sunnmøre også, så vi har vore mykje ute. Og tenk, idag skriv vi 1. mai, å fy som tida gjeng. Plutselig er vi kome til ein hektisk månad. Før månaden er over skal vi i konfirmasjon til ein nevø, feire 2 års dag, feire 17. mai og reise vekk. Innmellom skal vi også jobbe, halde hus og hage flott, og ha det kjempekjekt.
Det har vore ei periode no, der vår vesle familie på 3, ikkje har hatt så mykje tid saman. Men idag fekk vi familietid, ein heil dag der vi kunne gjere det vi ville, ilag. Uteleik, inneleik, besøk og mykje anna. Alt ein får pressa inn på ein dag, berre ein går inn for det.
Vesle guten har blitt så stor i det siste, og pratar som berre det, om han føler for det. Han har blitt glad i å køyre bil også, han er i alle fall veldig glad i å fortelle at han anten skal eller har køyrt bil. Bøyer seg fram og seier “køyre bil”!
Ei anna interesse han har, er TRAKTOR! Alt med traktorar er stas, berre det å få auge på ein traktor. Hjelpe meg, har aldri møtt ein snart to åring som har så stor interesse for traktor. Og om han får ein traktortur med bestefaren eller onkelen er han i himmelen! Neste helg skal vi feire bursdagen til poden, mon tru om det blir ei traktorkake?
Kjekt du har tatt deg tid til eit innlegg mellom alle gjeremåla :) Mai er ofte ein "aktiv" månad, men det er kjekt det :D
SvarSlett