tirsdag 11. september 2012

Ein skikkeleg regnveirsdag

Idag har vi fått ein skikkeleg regnveirsdag på sunnmøre. Og er innrømmer gjerne at det er godt å sitje i godstolen med pcen på fanget, og høyre på regnveiret som trommar på vinduet.

Eg har tidlegare sagt at det er flott å jobbe i barnehage når det er fint veir ute. Men eg vil ikkje klage når det regnar heller. For heldigvis har vi kle som skal halde regnet ute til ei viss grad, og om ein blir litt våte så kan ein skifte kle. Og huda vår tåle litt vatn, eller? Og det beste av alt, er å kunne gå inn igjen og få på seg tørre kle, og kunne kose seg med bordaktivitetar eller kanskje på golvet saman med dei som sit der. (Litt begrensa no når eg går gravid, sidan bekkenet ikkje spelar på lag med meg heile tida..)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails