tirsdag 11. september 2012

Kveldsarbeid

Har vore på personalmøte ikveld. Og takka vere litt kaffi og nokre kjeks med noko sjokolade så klarte eg å halde meg våken. Det er utruleg frustrerandes å vere så trøtt til ei kvar tid.

Etter at eg kom heim frå personalmøte har eg fått sett dagens cæsar, spennandes tider på cæsar no tykkjer eg.

Og sidan eg ikkje har noko imot å sitje med litt papirarbeid i ny og ne (som eg faktisk må gjere kvar dag), så sitt eg no her, framfor pcen med penn og papir ved sidan av pcen.

Biletet fann eg her

Men innerst inne kjenner eg at det skal bli godt å finne senga også. Det har vore ein innhaldsrik dag, utan tvil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails