På torsdag låg det ein pakke i postkassa vår… Og eg vart nysgjerrig med ein gong!
Som oftast så riv eg opp pakken, men denne gongen klarte eg faktisk å ta bilete av pakken før eg opna den. Må seie eg føler meg riktig stolt over akkurat det. Då eg har pakketolmod på lik linje som ein femåring.
Pakken var ikkje direkte til meg, men til vesle magetrollet. Ein nydeleg fleecedress til vinteren.
Og litt snoperier til a’mor.
Ha ein flott fredag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar