mandag 31. oktober 2011

Det er så mykje

…eg ville ha sagt å gjort, dersom eg viste korleis eg skulle oppføre meg. Det er så mykje eg vil seie, men som ikkje kjem fram, for eg har ikkje dei rette orda å gje deg akkurat no. Derfor blir det med dette, eg tenkjer på deg, heile tida, fordi du fortjener det, og fordi du er den du er.

Eg skulle gjerne ha vore der med deg no, støtta deg og gitt deg det du treng. Du har nok nokon rundt deg, som snakkar med deg, som tenkjer på deg, og som er der for deg.

Ikkje alle veit kva eg skriv om no, men kjenner seg nok igjen i orda eg har rabla ned. Det er ikkje alltid slik, at ein kan snakke med dei ein vil snakke med, til ei kvar tid. Ein sitt ofte med spørsmål som ein vil ha svar på, som ein ikkje får svar på med ein gong. Ein vil så gjerne…

Eg har ein stor iver for å blogge no, men let det bli med desse orda.

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails