torsdag 29. desember 2011

Då tenkjer eg

…at vi kan seie oss klare. Skjortene har fått seg ei runde under strykjernet, buksa til gubben er dampa, vaskemaskina har rulla å stått på. Kofferten er pakka, OG kome i bilen. Pakkelista mi er snart ferdig utstrykt, der står berre praktiske ting igjen. Etter selskap til Jennymora imorga, er vi klar til å reise oppover for å feire nyttår. Det skal bli kjekt å treffe på familien til gubben igjen, sidan dei siste gongane han har reist oppover, har han reist utan kjerring og barn.

Eg fekk meg strykejern og strykebrett av min kjære til jul, og har prøvd det litt i jula, og først no trur eg at eg byrjar å gjere meg kjent med den vesle krabaten av eit strykejern. Datamaskina vår skal få seg ei kvilestund i heimen, då ho skal vere heimeåleine. Så noko blogging kan ikkje eg love, med mindre eg tek telefonen fatt. Kven veit?

Desember 2011 060

Eg gledar meg til å kle på finstasen på gullgutten vår igjen. Han vart brått så veslevaksen i kleda. Ein kjekkas, rett og slett.

2 kommentarer:

  1. For en herlig godtass :D

    Vi sett også nasa nordover i mårgå ;) Med innlagt sushishoppestopp på moa :)

    God tur og kjør forsiktig! :D

    SvarSlett
  2. Kor fine han e <3 Ligna på Stian på ditta bildet, syns ej :) God tur oppover, kos dokke! Vart kjempe misunnelig når ej las du e ferdig å stryke og alt. Ej skal til med det når Oline he lagt sej. Ej trenge i grunnen litt opp-psyking først kjenne ej :p
    Klem =)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails