mandag 12. desember 2011

Helsing veslesøstera

ARG Data AS, Volda har hatt denne statusen dei siste dagane:

GRATIS GAVEKORT FRÅ ARG DATA !
Kvar dag fram til og med julaftan gir vi vekk GRATIS gavekort på kr. 300,-
På sjølvaste julaftan er gavekortet på heile kr 1000,- :-)
Men, du kan ikkje få dette sjølv. Du må kome med forslag til oss på kven som fortjener dette gavekortet :-)
Har ungane i huset vore spesielt flinke med juleforberedelsar i år ? Har svigermor vore kjekk å ha som barnevakt ? Hadde du ein nabo nyleg som tok litt av snømåkinga di ? Synes du kona di / mannen din berre er verdens beste ? Har du kava litt i motbakke og fått spesielt god hjelp frå ein person ?
DU BESTEMMER, vi er rett og slett ute etter personar som har gjort seg fortjent til ein liten oppmerksomheit FRÅ DEG :-)

Eg tenkte at eg ikkje hadde noko å tape på å forsøke, men kven skulle eg skrive om? Og som verkeleg fortjenar ei lita oppmuntring i kvardagen? Eg fann ut at det måtte bli eldste bror min i denne omgang. Så eg satt meg ned og knota ned nokre ord på ein epost.

Hei

Eg vil gjerne gje gavekort til min kjære bror Per-Bjarne

Om vinteren er han ein kar som er vaken når andre ligg å søv, og står på kvar natt og dag for at vegane skal bli snøfrie, og når morgonen nermar seg,  så er det heim til garden for å mjelke kyr. Etter fjøsstellet er det heim til seks born som skal i barnehagen og på skulen. Deretter må han på jobb, før han skal brøyte igjen. Dersom han ikkje fortjener eit gavekort, så veit ikkje eg kven som gjer det!

Beste helsing frå veslesøstera Elisabeth I.

Og idag fekk eg epost frå ARG Data AS, Volda:

Hei !

Vi er enig! Smilefjes

Dagens gavekort går til Per Bjarne ! Vi har sendt han ein SMS om dette Smilefjes

Mvh

ARG Data Volda

 

Seinare på kvelden dukka dette opp på facebook:

Gavekortet i dag (12.desember) ønskte Elisabeth I. Skarstein skulle gå til broren, som spesielt no om vinteren har nok å fylle døgnet med, natt som dag. Gavekort er på veg i posten :-)

 

 

Lønner det seg å vere verdens beste veslesøster?

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails