Denne jula har vore langt frå tradisjonell… Vi ha ikkje kome til sjølvaste veslejulaftan før ein person i familien ikkje var i form, og med familiesammenkomstar, ja då følgjer det med smitte. Ein etter ein, eller to etter to låg nede for telling, eller sat på do. Ohh joy! Eg har gått klar, håpar eg. Men eg er pottetett, i heile ansiktet. Og på toppen av kaka har eg fått betendelse i den siste og einaste visdomstanna mi.
Det var nokon som ynskte oss ei riktig God Jul, det må ha vore berre på papiret. For jula har kome, men om den er så god som alle vil ha det til, det veit eg sanneleg ikkje.
Og for dei som ikkje tok inn alle dei lause gjenstandane sine, kom til oss, her ligg det trampoliner, fotballar, pluss pluss pluss! For ikkje å snakke om rotvelte tre, og greiner som ligg rundt om kring. Stengde vegar og dårleg framkommelighet. For poden er det ikkje enkelt å skjøne at vi ikkje kan gå ut til ei kvar tid, så gleda var stor i går då vi var ute å kika på all skade ho Dagmar ha ført med seg. Er det verkeleg nødvendig å øydelegge så mykje, på så kort tid? Vi er i alle fall glade for at huset står der det skal stå, og at det ikkje har fått nokon skader. Verre er det for den nye bilen vår. Bilen som vi kjøpte tidleg i vinter, og som Janita ville ha eit blogginnlegg om. Desverre Janita, blogginnlegget kjem ikkje no, no er takboksa av, sidan Dagmar syntes det var kult å ta av lokket på den, og slenge det i bakken. Takboksa som var i nøyaktig samme farge som bilen, og som kosta ei formue. Den formua var det riktig nok den forrige eigaren som betalte, men bilen var rålekker med den på.
Kven kjenner ikkje seg igjen i dette…på julaftan skal vi ikkje vaske kle, eller henge opp kle på stova, slik som vi gjer ellers i året. Alle med små barn i hus veit at det ikkje varer lenge mellom kvar gong vaskemaskin snurrar, og at kleda må tørkast. Kva skal ein gjere når pynteting som til vanleg står utanfor døra, må inn i vindfanget der vi brukar å ha eit klesstativ ståandes..Og når ei av julegavene til poden er ein traktor på størrelse ei med ein gris, så må den og stå inne, sidan Dagmar herjar ute. For ikkje å snakke om straumlause tider, tørketrommelen kan ikkje nyttast når straumen ikkje er til stades. Heldigvis fekk vi vaska kle innimellom dei hyppige straumbrota 1. juledag. Takk og lov for at vaskemaskina vår vaskar 40 graders vaskar, på 45 min. Og for kvar gong straumen gjekk, var spørsmålet Vart vaskemaskina ferdig?
Heldigvis har vi fått tonnevis med leiker i hus, som vi ikkje veit kvar vi skal plassere i leiligheta vårt, eller…snart kan vi vel kalle det for eit kott. Alt er stua, i skuffer og skap. Og om du finn ein ledig plass, ja så slå deg ned, for det varer ikkje lenge. Men tilbake til leikene som vi har fått i hus, poden har vore veldig flink å leike seg med dei. Gamle som nye, og det kjekkaste av alt er nok alle traktorane. Er det verkeleg mogleg å vere så glad i traktorar? Ja, tydelegvis.
Akkurat no nyt vi late dagar i heimen, og om du har tenkt deg ein tur på besøk, ja så ring først, for det ser nesten ut som om ho Dagmar har vore her og, eller var det poden som rota i dag tidleg?
He he, jula er vel høysesong for sjukdom... Vi har faktisk holdt oss friske, bank i bordet! Ønsker deg og dine ei fredelig jul og et godt nytt år!
SvarSlett