tirsdag 13. desember 2011

Lucia-dagen

Svart senkar natta seg

i stall og stover

Sola har gått sin veg

skuggen tek over

Inn i vårt mørke hus

stiger med tente lys

Santa Lucia, Santa Lucia

No har kvardagen kome til oss igjen. Eg leverte ein litt motvillig gut i barnehagen idag, han visste ikkje heilt om han ville inn døra, men fann fort ut at det kom til å bli ein kjekk dag utan like. Dagen på jobb fauk avgarde, og eg seiar berre, det er TØFT å ha broddar på skoa, og det er ikkje berre gamle damer som går med det. I utetida hadde eg på meg broddar, og det trengtes. Det er veldig glatt for tida, og det skal ikkje mykje til før ein mister taket på underlaget.

Eg avspasterte halvannen time for å få med meg Lucia feiring i barnehagen til poden, der fekk vi nydelege lussekattar, gløgg, klementinar og pepperkaker. Ei koseleg stund frå start til slutt. Deretter bar det tilbake på jobb, og gutungen fulgte etter, der han vart henta av gubben. På jobb var det klart for Lucia feiring, ei koseleg feiring ute. Då eg kom heim sto det ei nissekone og ein nisse med kvar si lykt utanfor døra, gubben og poden hadde vore på handel. Bilete kjem, ein vakker dag.

2 kommentarer:

  1. Brodder på skoa er gull verdt! Når jeg henter i barnehagen så raser jeg avgårde på den verste glatta, mens de andre foreldrene nesten krabber til døra til tider :p

    Var kjempe koselig luciafeiring i barnehagen til Amalie også. Ho var så flink og holdt seg i toget, selv om de fleste andre ungene hylte og skreik da de så mamma eller pappa blant tilskuerne :p

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails