Alle bloggarar har kvar sin måte å hente inspirasjon på, og det er ikkje til å legge skjul på, eg har mine måtar eg og. Og den dummaste av dei alle, er når eg er ute å køyrer bil, langt frå datamaskina, og eg kan ikkje akkurat stoppe bilen for å skrive eit innlegg på mobiltelefonen. Eller den smarte telefonen min, om eg kan kalle den for det. Det er iallefall ein slik smart tøtsj telefon!
Ikveld var intet unntak, eg skulle ein rask tur på butikken, ikkje berre for å handle, men også for å kome meg vekk litt. Å gå heime med ein småpjusk gutunge ein heil dag, kan gjere så mangt for ei rastlaus mor. Etterkvart som eg kom lengre og lengre på bilturen min, formulerte eg mange innlegg i hovudet mitt. Som t.d. “Kvifor brukar ikkje DU refleks?”… Ein kan ikkje stoppe opp over alt for å skrive eit blogginnlegg om eit manglande refleks.
Gutungen gjer så mykje rart for tida også, som så absolutt skulle ha vore blogga om. Som t.d. i dag då eg gjekk på trilletur med han, for at han skulle sove formiddagsluren sin. På turen møtte vi ein traktor, og han måtte sjølvsagt følge med på den (Han har ei ekstremt stor interesse for traktor). Og akkurat denne hendinga kunne eg ha tenkt meg å filma. Guten var utruleg trøtt, og det var så vidt han klarte å halde augene oppe, men sjå på traktoren skulle han, utan tvil. Etter at han ha satt seg opp litt, og fekk sjå at traktoren var blå, tok han fram handa, vinka og sa “bess” (bestefar). Morfaren har ein blå traktor….Skal tru kva den vesle kroppen tenkte i det han sa det. Poden og bestefaren har alltid hatt eit godt forhold til kvarandre, og bestefaren og guten er like stolte når dei tek seg ein traktortur.
Her er frå siste traktorturen dei ha, på bursdagen min. Dei storkosa seg begge to.
Etter at traktoren forsvann ut av gutungen sitt syn prøvde eg å legge han ned i vogna, men han ville ikkje, det einaste han ville, var å sjå på traktoren. Vi kunne ikkje akkurat fotfølge traktoren heller, men det spørs om vi må gå å sjå på den ein annan dag også. Og som bestefaren sa idag, då han var på besøk med oss. “Du får ta deg ein tur til Volda, så kan vi kanskje kjøre traktor”. Eg trur eg må legge opp til at gutungen skal få kjøre traktor neste gong…
Bare et spørsmål av rein nysgjerrighet... er der sete som Marius kan sitte på oppi ditte monsteret av en traktor? eller sitte han på fanget til den som kjøre? :) Fikk sjokk første gang eg såg dinne der, den er jo svæææær :) hehe..
SvarSlettKjenne til det der med særinteresse for traktor. Søren ta om vi møte en når det e sovetid, då e den søvnen forstyrra for ei god stund :p hehe =) Kjekt dei lika so godt traktor, e spennande det :D
SvarSlett