Sidan vi har budd i ei lita leilighet med eitt soverom i fleire år, var det godt å kome til eit hus med fleire soverom og fleire muligheter. Vi har ikkje hatt overnattingsgjestar på grunn av plassmangel, anna enn svigermor og svigerfar, som har sove på sofaen.
Derfor var det stor stas for mine tantebarn, då dei fekk vete at dei kunne overnatte med tanta. “Eg vil, eg vil” ropte dei i kor, og første jente ut var….*trommevirvel*
Ida’mi
Litt avslapping etter å ha laga cupcakes, og browniesmuffins med smørkrem.
Sjå kor stilig ho er på håret! Ho er verkeleg tøff, for det går nok ei stund før det veks utatt, men først blir det stussing nokre mnd. til.
Vi har kosa oss med taco, Marius-leiking, wordfeud og masse anna. Men etter at eg fekk 120 poeng mot ho, på eitt ord, la ho seg ned på sofaen.
Eg: Ida, det er din tur…
Ida: …hææ?
Eg: Ida, søv du?
Ida: Eg trur eg gjeng å legg meg…
Det er verkeleg ikkje gale å ha ei tantepie på overnatting, som ber om å legge seg, 21.15, på ein laurdagskveld.
Vi avslutta helga med cupcakes og muffinsbaking og selskap. Og det beste av alt var vel å få tanteflette etter at ho ha fått bada i badekaret. Ei kjekk jente på overnatting, rett og slett! Vi gledar oss til neste gong du kjem Ida!
Kor koselig <3
SvarSlett