Vi har vore opptatt i det siste, veeeeldig opptatt. Og det er ikkje for ingenting at vi har vore opptatt, vi har budd med kasser til skulderhøgd – i ei lita leilighet. Og deretter har vi plassert kasser og møblar, kle og folk i bilar, for så å forflytta oss til nabobygda. Der har vi installert oss i eit hus, eit koseleg rødt hus, med tak og fire veggar, stove, hems og kjellarstove, klesrom og mange soverom. Eg veit ikkje om eg har skrive om det på bloggen, anna enn pappkasser, men det er over tre veker sidan vi flytta, så no tykte eg det var på tide å seie at vi har blitt Ørstingar, alle tre.
Poden storkosar seg, med både eige soverom og større plass å boltre seg på. Foreldra har fått soverom for seg sjølv igjen, men meir søvn har vi ikkje fått. Vi håpar verkeleg dette rettar seg snart.
Vi har hatt besøk av familie og vener dei siste vekene. Dei har vore nyfikne på korleis vi har fått det. Nokre har fått sett huset stappfullt i kasser, medan andre har registrert at det har minka på alle kassene. Det er utruleg at vi har klart å stappe alt i den vesle leiligheta vi budde i. Men som eg sa her ein dag, eg var redd kvar bidige dag i leiligheta, for at det skulle rase ut av skuffer og skap, kvar gong eg opna dei.
Å tømme kasser er ikkje berre – berre. Eller…det er fort gjort å tømme kassene, men å plassere alt på riktig plass, det tek tid.
Og mamma, her ser du sofaen, det vart ikkje så gale som eg frykta. Eg håpar dykk kjem ein tur snart!
Så spennende! Gratulerer! :) Gleder meg til å se flere bilder :)
SvarSlettJa no var det på tide å røpe seg :D
SvarSlettSå gøy.. Gratulere med ny plass å bo ! Blir sikkert kjempe koselig det :)
SvarSlettKjekt da! Kor i Ørsta dokke he flytta da?
SvarSlett