torsdag 8. mars 2012

Tok med meg våren

Sidan vi har flytta til ein plass der snøven ligg til neste vinter, har eg funne ei løysning som passa for meg.

Ikkje heilt riktig slik, men snøven ligg iallefall fortsatt på markane, vegane er tørre og fine. Sola har skine i nokre timar, og eg håpar at den har smelta litt til av snøven på markane. Heldigvis bles det litt no, og då forsvinn snøven fort. Eg måtte levere poden i barnehagen på tysdag, sida senga vart litt for god i dagtidlig, noko som resulterte i at sambo sov litt for lenge til å kunne kjøre om Volda før jobb.

Sola skein opp i bakkane her då vi kjørte heimafrå, og då vi ankom Volda, viste Volda seg i vakker vårsol. Gutungen vart gla då han fann ut at han skulle få vere ute i fineveiret med ein gong, i barnehagen.

Etter at eg hadde levert poden, og bytta bil, tok eg meg ein tur til foreldra mine. Der og var det strålandes sol, og der har det verkeleg vore vår lenge. Mine yndlingsblomster sto å ropte på meg, så eg treiv tak i nokre, for å gjere det meir vårleg her heime.

Eg veit ikkje kvifor eg treiv berre ein neve, og ikkje sto å plukka ein og ein. Kanskje det var fordi eg sto ned i grøfta med kvite joggesko, eller kanskje eg måtte på do? I alle fall, ingen av stilkane vart noko særleg med lengde på, og alt vart eigentleg berre rot. Ikkje har eg nokon søt liten vase å ha dei i heller, men dei lagar litt vår i stova. Håpar eg.

Snøklokker var den første blomen eg fekk i livet mitt, og sidan har eg hatt den ved mitt hjerte. Storebrorane mine kom å besøkte mor mi og meg på sjukehuset, og ha plukka med seg blomster til meg. Og dei er eit godt teikn på at det snart eg vår her til lands.

(Hadde tatt bilete av blomane, men live writer vil ikkje publisere innlegget med bilete)

2 kommentarer:

  1. Velkommen til vinterverden <3 Det positive: Lenger sesong for akebrett og ski :D me like! So kan vi fare til Volda for å sykle heller ;) Btw, her e snøklokke på Krøvelen me =)

    SvarSlett
  2. Sv: Ej he linka til oppskrifta i sjølve innlegget, der det står proteinbrød! :-)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails