Om du kjem litt seint, ikkje ring på, det ligg en gut å søve i naborommet til ringerklokka. Ver så snill å tørk av deg på skoa, det samlar seg så mykje rusk under skoa dine. Om du har vore smart, har du pussa tennene dine før du kjem inn døra, så du ikkje luktar dårlig ånde, og vi må jage deg ut før du har kome inn i stova.
Det er berre å føle seg som heime, så sleng deg ned i sofaen, plasser beina der du vil, men ikkje opp i kaffikoppen min. Kanskje du vil ha ein kopp med kaffi? Te’en har vi kasta, sidan vi ikkje drikk det sjølv. Eller du er kanskje av dei finare, og vil ha ein kaffe mocca? Du er kanskje av dei som heller tek deg eit glas vatn, eller eit glas brus, framfor kaffi?
Gje meg to min så finn eg noko i frysaren så du kan trykke inn i ansiktet, kanskje du ikkje poplar så mykje då? La meg gjette, du likte deg du fekk, ikkje sant?
Etter ei stund må du kanskje på toalettet, som det heiter på fint. Vi forklarer at det er ute i enden av gangen, men ver så snill å gå litt fort.
Når eg vert lei, sender eg deg ut døra, vi kan snakkast igjen ein annan dag. Kanskje eg får kome på besøk til deg då?
Trudde du at du skulle få sjå bileter av huset no? Det kjem! I mellomtida kan du få sjå bilete av nattas handleliste!
Hehe, artig skrevet! Trur ej bestille te neste gang ej kjem, for å sjå reaksjonen :P hihi ;)
SvarSlettHeh! Fantastisk :) Påskejakta begynte ej med i år sida Isak va gammal nok :)
SvarSlett