Sidan eg har fri frå jobb heile påska, fann eg ut at poden kunne like så godt vere heime saman med meg. Vi skal få det kjempekjekt! Og eg må innrømme at eg tenkte vi kunne ta oss ein tur eller to, til Volda medan faren var på jobb. Men no har bilane snøva nede, og vinterdekka på mellombilen er ikkje dei sværaste. Så eg tvilar sterkt på at vi ha komt oss opp i Nordalen. Bilane har snøva nede ja, minstebilen er det ikkje råd å sjå lenger. Kun vi som veit at den står der. For andre kunne det lik så godt ha vore ein knaus, eller ein snøhaug.
Minstebilen til venstre, og mellombilen til høgre. Det stoppar ikkje å snø heller. Mon tru om vi får vinterens snørekord?
Då gutane var ute å leika igår, tømde dei rekkverket for snø. Så det har kome litt snø sidan den tid.
Med store mengder snø er det ikkje alltid like enkelt for små føter å fote seg. Snømengda er kring halve lengda til veslemann…
I skrivandes stund sitt poden å ser på “Lille Røde Traktor”. Prøvde å sette på nokre episoder som eg har tatt opp. Men det vart feil, dei var på norsk, og han vil sjå på dansk. iiiik, blir snart gal av dansk her i hus.
mandag 2. april 2012
Påskekos
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Oi så mye snø dere har! Akkuratt når jeg så på dette innlegget og det under så savnet jeg faktisk snøen litt. Aking,snømann,kakao og boller. Jaja vi får vente til slutten av året igjen:)
SvarSlettHåper dere får en herlig påske:) Kos dere masse!
sv:
SvarSlettJa, han er en veldig følsom liten gutt og tenker mye. Lik sin mor ;) Fikk så vondt av han, men det gikk jo bra med Elias til slutt - og det var nok det som var det viktigste der og da :)