Eldste bror min og hans kone, inviterte på onsdag inn eller ut, til grilling, bålkos, latter og leik i Nordalen. Voldas beste vestkant!
Bror min fekk hjelp av eit par born, dei har alle lært å tenne bål, på speidar. Nokre av dei andre ungane syntes det vart kjekt å følgje med på opptenninga.
Her har eg faktisk fått med dei fire eldste, og den alle yngste av mine tantebarn, på eitt og same bilde – utan at det var planlagt.
Då det var vårveir i Volda for vel ei veke sidan, satt bror min opp trampolina til ungane. Men ei veke etter at den vart satt opp, kom det nesten ein halvmeter snø, så den måtte måkast vekk, så ungane fekk hoppe. Og dei storkosa seg.
På bilete skulle det vore både ei appelsin, ein kvikk lunsj og ei flaske solo. Men det bildet tok ikkje eg meg tida til å arrangere. Men sjå det for deg, så får du det perfekte påskebiletet. Om du studerer biletet godt nok, så ser du nokre ungar ned på marka – i full aksjon – bygge snøborger. Dei la opp til at det skulle arrangerast snøballkrig.
Det var ikkje tvil – ungane kosa seg over alt.
Den eldste og den yngste i søskenflokken på seks. Med 11,5 års mellomrom – men med ein ubeskrivelig stor kjærleik til kvarandre.
Eg nemnte tidlegare at ungane kosa seg, men som du ser, dei var ikkje åleine. Dei voksne kosa seg like mykje – om ikkje meir.
Litt kaffislabberas er alltid kjekt.
Har du lagt merke til kvikk lunsj huene som ungane har på seg? Eg må nesten skryte litt av meg sjølv no, for dei er det eg som har strikka.
Alt i alt var det ein strålandes dag. God mat og kjekke folk. Det må gjerast igjen, utan tvil!
Veldig tøffe dissa Kvikk Lunsj- huene! Du e FLINK!
SvarSlettSer kjekt ut:)
SvarSlett