lørdag 21. april 2012

Raude kinn

Eg er så utruleg heldig, ja eg er så heldig, at eg trur du misunner meg ein smule. Sjølv om det i seg sjølv er ein ganske så tøff jobb til tider, så trur eg at du misunner meg. Når eg kan fortelje deg, at denne veka har vi hatt så flott veir her på Sunnmøre, at vi har vore ute nesten heile barnehagedagane. Ein kan verkeleg ikkje klage på valg av jobb då.

For all del, til dykk som ser ut på det fine veiret, og er “innelåst” på eit kontor, dykk har det veldig godt når det er nedbør ute. Tilbake til den flotte veka vi har fått på Sunnmøre… Den minnar litt om vår, og sola har gitt oss energi og varme kinn. I dag tidleg, då eg skulle pynte ansiktet med sminke, forsto eg at eg knappast såg solpudderet. Eg har fått farge i mitt vinterkvite ansikt.

Men alt fineveiret har ein bakdel, det hopar seg opp med husarbeid inne då. Haugen med skitne kle, blir merkeleg nok ikkje mindre ved å prate om den. Så ein må ta i eit tak dei dagane det regnar, slik som i dag, men då valde eg å ta med meg poden til nabobygda.Eg tek klesvasken med eit smil, ingenting er som reine kle!

Det er rett og slett grunnen til at eg ikkje har vore så flittig til å blogge i det siste også.

Dykk får ha ei fantastisk flott helg vidare! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails